Holvikejekta: Reisa til Bergen

article image
Photographer: Henning A. Hellebust

No står ho her, Holvikejekta – endeleg har ho fått seg ein ny heim! Vi har gleda av å invitere skuleklassar på besøk til Holvikejekta.

Holvikejekta er ein av dei få tinga vi har att som minner oss om vår rike jektefartskulturarv. Jektene segla langs norskekysten i om lag 500 år, og var viktige for å knyte landet vårt i nord saman med omverda. Jektene frakta varer frå distrikta ned til byane – frå fiskejektene i nord til vedjektene på Vestlandet. Varene blei selde i byane, og for pengane dei tente, kjøpte dei inn nye varer som dei trong å ta med heim att til bygdene – som korn, kaffi, sukker og krydder.

Når ein besøker Holvikejekta, kan ein undre seg over korleis ferda ned til Bergen kunne ha vore, og kva som møtte mannskapet då dei kom til Bryggen i Bergen.

Maximum attendees

30

Duration

1 time

Time period

September - November

Cost

Free

Other info

Innandørs Gi beskjed på førehand om det er elevar med særskilte behov som ein må ta hensyn til. Det gjer det enklare for alle og at ein då får mogleheit til at alle får ein god oppleving.

Opplegg

Dette opplegget vil ha fokus på reisa til Bergen og kva som møtte mannskapet der. Det blir ei gjennomgang med ein pedagog om temaet, og deretter skal elevane løyse ulike oppgåver for å lære om jektefarten.

Vi har akkurat opna, så i første omgang vil vi utvikle eit tilbod som passar for 4.–8. klasse. Vi tek gjerne imot besøk frå andre klassar òg – det er berre å ta kontakt.

Vi vil oppdatere informasjonen etter sommarferien.

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to