Museumsbuss: Gal og genial?

article image

Maximum attendees

30

Place

Sogn Kunstsenter, Vetla-Elvi, Lærdalsøyri, Norge se kart

Duration

120 min

Time period

2.-13. juni og 1. september - 3. oktober 2025

Cost

Free

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Kunst og håndverk (KHV01-02) and Samfunnsfag (SAF01-04)

Kunst og håndverk (KHV01-02)

grades 8 - 10

  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 8 - 10

  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar

Show competency goals

Hans Gjesme – Gal og genial?

Lærdal sin eigen store målar Hans Gjesme (1904-1994) donerte rett før han døydde i 1994 ei omfangsrik samling kunstverk til kommunen. Slik kom det i stand at bygda fekk sitt eige kunstsenter. Han arbeidde i ein figurativ stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han var òg ein dyktig teiknar og laga mange karakteristiske portrett av familie og vener. Dei spesielle landskapa i Lærdal med bratte fjellsider tett innpå bygda, skildra han under ulike lysforhold og til ulike årstider.

I 1955 vart Hans Gjesme paranoid schizofren og tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus. Der budde han heilt fram til 1971. Han la ikkje ned kunstnarskapet sitt der inne, tvert imot. Han måla og teikna det han opplevde som innlagt. I periodar var han for psykotisk og medisinert til å skape. I gode periodar har den sterke skapartrongen hans antakeleg hjelpt han å gjere opphaldet på Gaustad meir leveleg.

I utstillinga og formidlinga ved Sogn kunstsenter får elevanee eit innblikk i Gjesme sine verk frå denne tida.

I dette opplegget får elevane:

  • oppleve kunst
  • øving i å tolke symbolikk og visuell kommunikasjon i kunst
  • diskutere tema rundt pysisk helse
  • bli betre kjent med kunstnarskapet til Hans Gjesme

Praktisk gjennomføring:

Elevane vil få ein introduksjon til kunstnaren Hans Gjesme, samt ei omvising i utstillinga "Gal og genial". Med dette utgangspunktet vil elevane bli delt inn i grupper for å diskutere ulike motiv i utstillinga. Læraren må dele inn elevane i grupper på førehand (3-4 per gruppe). Bileta som elevane blir tildelt gjennom oppgåvekort legg grunnlaget for ein gruppediskusjon, rundt innhald og symbolikk i motivet.

Dagen vert avslutta med ein Kahoot for å oppsummere det dei har lært.

Museumsbuss for 9. trinn

Dette er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og klassen kan bestille gratis museumsbuss.

Til opplysing for skulen:

I formidlinga er vi innom temaet psykisk helse. Vi oppmoder skulen om å snakke om temaet på førehand med elevane. Ta kontakt med oss om det er innhald som de ønskjer å avklare.

Les meir om utstillinga Gal & genial her: https://misf.no/sogn-kunstsenter/opplevingar/hans-gjesme-gal-og-genial

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to