Sex-turisme og menneskerett

article image
Photographer: Wall Boat

Det syner seg at sex-turisme har stor utbreiing i vår globale verd. Dette er eit emne som må snakkast om.

Kan me påverke denne utviklinga?

Me drøftar grunnleggjande menneskerettar.

Maximum attendees

30

Place

Balestrand, Norge se kart

Duration

2 timar

Time period

Veke 6, 7, 8, 21, 23, 25, 27, 29

Cost

Free

Other info

Dette skuletilbodet vert òg arrangert som turne gjennom DKS-Vestland, då får skulen besøk.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
  • vg1: Grunnleggende norsk (NOR07-02) and Samfunnskunnskap (SAK01-01)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 8 - 10

  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
  • utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald

Norsk (NOR01-06)

grades 8 - 10

  • utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium

Samfunnskunnskap (SAK01-01)

VG1

  • gjere greie for sosialisering og drøfte korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
  • gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
  • vurdere årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og drøfte grensene for ytringsfridommen
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
  • reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
  • reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast

Grunnleggende norsk (NOR07-02)

VG1

  • gi uttrykk for egne meninger skriftlig og muntlig
  • uttrykke seg med sammenheng
  • begrunne og argumentere for egne meninger muntlig og skriftlig
  • reflektere over innhold, form og formål i ulike tekster
  • følge opp og bygge videre på andres samtalebidrag i hverdagslige og faglige samtaler

Show competency goals

Sex-turisme og menneskerett

Albertine i politilegens venteværelse av Christian Krogh Nasjonalmuseet
Sadigh Gallery
FN berekraftsmål

Emne til drøfting

Kroppspress i sosiale samanhengar og sosiale media

– usikkerheit kring «kva skal eg gjere og kva skal eg vere med på?» Kvar går mine grenser? Korleis kan me hjelpe kvarandre til å bli trygge i oss sjølv? Kor stor påverknadskraft har influensarar og SoMe på å skape usunne førebilete – «den perfekte kroppen»? a. NEI = NEI b. Sosiale media – 42% av unge (13 – 18 år) har fått nakenbilete på nett, til og med frå folk dei ikkje kjenner. Flest jenter. (2020) c. Norsk lov: Ulovleg å ha nakenbilete av born under 18 år utan samtykke frå vedkomande - §204a: Inntil 3 års fengsel for å produsere og rå over (ha på mobilen) ei framstilling som seksualiserer born under 18 år.
§251: Bot + inntil 2 års fengsel for å true om at bilete blir sendt dersom … §311: Bot + inntil 3 års fengsel for sending av bilete.
§305: Bot + inntil 2 års fengsel for seksuelt krenkande åtferd mot born under 16 år – i ord eller handling.

Oppgåver:

• Kva kan vere grunnen til at me ofte trur me ikkje er bra nok - «fine nok»? • Er dette ei kjensle du kan kjenne deg att i? • I tilfelle, kor tidleg hugsar du at du fekk denne kjensla? • Kan vaksne (foreldre/barnehagepersonale/lærarar) hjelpe barn med å bygge god sjølvtillit – i tilfelle korleis? • Tørr me sei ifrå i gruppene våre – at dette likar eg ikkje, dette vil eg ikkje vere med på - ? • Er det ok at vener seier dei ikkje syns dette er ok? • Korleis reagerer me når vener set spørsmål ved vala våre? • Kor langt er du villig til å gå (kva er du villig til å vere med på) for at gjengen din skal «like» deg? • Veit du kvar grensene dine går? • Kor stor påverknadskraft har influensarar og SoMe på å skape usunne førebilete – «den perfekte kroppen»? • Kan me hjelpe kvarandre til å bli trygge i oss sjølv?

Trafficking – menneskehandel – moderne slaveri

FN: rekruttering, transport, overføring, husing eller mottak av personar, ved hjelp av truslar eller bruk av makt eller annan form for tvang, bortføring eller svindel, med hensikt å utnytte. a. Kvinner og born – vert utsett for meir vald frå menneskehandlarar b. Avsløring av menneskehandel – vanskeleg å oppdage c. Verdas 20 rikaste land står for meir enn halvparten av menneskehandelen. I fylgje FN er 50 mill. kvinner, menn og born offer for moderne slaveri. Omtrent 11 mill. menneske utsett for menneskehandel i India. G20 landa; Sveits, Noreg, Japan, Belgia, Irland, Tyskland, Nederland og Danmark blant landa med lågast utbreiing.

Oppgåver:

• Er utsegnet «ikkje snakk med ukjende vaksne» også brukande som beskyttelse for å knyte uheldige kontaktar på nettet? • Tørr me melde frå om me mistenker menneskehandel? • Kor sikre må me vere for at vår mistanke er reell? • Kan de finne ut om det finnast offer for menneskehandel i vårt område? • Hadde du høyrt om EPCAT før? • Burde fleire ha kjennskap til den organisasjonen og kva dei jobbar med?

article image

Forarbeid

Det er fint om lærar førebur elevane til opplegget, som er som fylgjande: Presentasjonen gir innsikt i definisjonar og forsking om emnet. Den presenterer eit historisk overblikk over praksisar frå Sumer og fram mot vår tid. Ulike årsaker til denne praksisen: • Fattig – rik dikotomien, Utrydde fattigdom • Religion som påverkande faktor • Menneskehandel/Trafficking • Kroppspress i sosiale samanhengar og på sosiale media • Forbod mot likekjønna forhold • Stigmatisering av «kjøpebruder» • Kvinnesyn • Epcat – underorganisasjon av FN som arbeider mot seksuell utnytting av born

Dersom det er høve, kan elevane sjå video 1 frå denne SVT-produksjonen før innlegget. https://www.svtplay.se/video/j1aBnWA/dokument-inifran-priset-vi-betalar/1-den-perfekta-bilden?position=1651&id=j1aBnWA

Postkort av to devadasiar Tamilnudu 1920
Postkort av to devadasiar Tamilnudu 1920

Pedagogisk gjennomføring

Opplegget nyttar Louise Rosenblatt (1995) sin teori om estetisk lesing, som handlar om å lese eller oppleve ein tekst på eit djupare og meir personleg måte. Det vil i praksis sei at i staden for det ho beskriv som Efferent lesing; når ein les for å hente ut informasjon, som kan bidra med å gi svar på eventuelle spørsmål, altso om ei ikkje-personleg tekstmeining - involverer denne presentasjonen deltakaren sine kjensler. Det handlar om opplevingar, engasjement og innleving. Ein kan sei at Estetisk lesing krev personlege assosiasjonar og at den resulterer i affektive reaksjonar.
Elevane er såleis deltakande i materialet og har påverknad på utfallet av drøftingar etter presentasjonen. Emnet gir ingen fasit, men påverkar heller til deltakarar si haldning til omverda, seg sjølv og sine medmenneske.

60 minutt til introduksjon, 15 minutt pause, deretter refleksjon og drøfting i 45 minutt.

Order form

More school experiences

School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Truede og hetsede måkefugler

Haldenvassdragets kanalmuseum

Naturfag grades 5 - 7 grades 8 - 10

Share to