Share to
Bli med inn i stovene våre og høyr om førebuingane til jula, og tradisjonane som knytte seg til julehøgtida på 1800-talet.
Maximum attendees
30
Duration
45 min
Time period
Veke 48, 49 og 50
Cost
Free
Competency goals
- 1. - 2. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04), KRLE (RLE01-03) and Mat og helse (MHE01-02)
- 3. - 4. trinn: KRLE (RLE01-03) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 5. - 7. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04), KRLE (RLE01-03) and Mat og helse (MHE01-02)

På museet får elevane eit innblikk i jul anno 1850, og førebuinga som knytte seg til julefeiringa i det gamle bondesamfunnet på sunnfjordbygdene. Vi besøker den julepynta Østenstadstova, som er pynta slik den kunne sjå ut julekvelden. Elevane høyrer om arbeid i førjulstida, juleskikkar og tradisjonar som høyrde juletida til.
Pedagogisk gjennomføring:
Elevane møter museumspedagogen og vi går i samla flokk til Østenstadstova, ei røykstove frå 1500-talet. Her får elevane sjå ei julepynta stove med lys, mat på bordet og grøn pynt i vindauga. Vi samtalar om tradisjonar, skikkar og folketru. Korleis var det før, og korleis feirar vi denne høgtida no? Er det nokon tradisjonar vi har tatt med oss vidare?
Etter besøket i Østenstadstova går vi til husmannsplassen og kikkar inn døra til i den julepynta stova til Nils og Marte Movik, husmannsfolka som har budd i denne stova.
Ei omvising i husa tar ca. 45 min. Vi tilpassar økta til barnehage og dei minste trinna. Om det er ynskjeleg kan vi legge opp til juleverkstad der vi lagar papirhjarte og/eller kremmarhus. Opplys om dette i bestillinga, og set av ca. 30 min. ekstra til det i besøket.
Til læraren:
- Vi er ute i tunet og inne i kalde antikvariske hus heile omvisinga. Det er viktig at elevane er kledde etter været, og har varme kle og sko på seg.
- Juleverkstad vert inne i oppvarma stove NB: Hugs å skrive i påmeldingsskjema om de ynskjer verkstad, og set tid av til dette.
- Gruppa/klassen kan ete nistepakken på museet om ynskjeleg. Dette vert i oppvarma stove. Gje beskjed i påmeldinga.
- Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er dessverre avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova og Halbrendhuset (verkstad og lunsj) Skriv i påmeldinga om de må ha tilrettelegging.
- Påmelding: De melder dykk på ved å fylle ut skjemaet under. Hugs å fylle inn tidspunkt for ankomst og avreise i kommentarfeltet.
Opplegget kan tingast følgande datoar i 2025: * Veke 48: 25., 26. og 27. november * Veke 49: 2., 3. og 4. desember * Veke 50: 9., 10. og 11. desember
Vi gler oss til å møte dykk velkomne til førjulstid på museet.