Julestria i ein fiskarbondeheim

article image
Photographer: Kystmuseet/Stina Celine Gjerdingen

Korleis gjorde dei ein fiskarbondeheim klar til jul før i tida? Bli med på førjulsopplegget på Kystmuseet og la elevane lære om historisk julefeiring ved kysten.

Maximum attendees

30 elevar

Place

Brendøyvegen, 6906 Florø, Norge se kart

Duration

2 timer

Time period

Veke 49 og 50

Cost

Free

Other info

Klassetrinn: 4. trinn NB! Meld frå eventuelle allergier ved påmelding.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 3. - 4. trinn: Mat og helse (MHE01-02), KRLE (RLE01-03) and Norsk (NOR01-06)

Mat og helse (MHE01-02)

grades 3 - 4

  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre

Norsk (NOR01-06)

grades 3 - 4

  • utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk

KRLE (RLE01-03)

grades 3 - 4

  • samtale om og presentere sentrale fortellinger og trosforestillinger i østlige og vestlige religiøse tradisjoner
  • sammenligne og presentere ulike årstider og høytider i kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner, som kulturarv

Show competency goals

Elevane får ein innføring i korleis førebuingane til jul gjekk føre seg i ein fiskarbondeheim for om lag 150 år sidan.

På museet vil dei lære om julestria gjennom historier, gjenfortelling og skodespel. Gjennom dette vil dei også bli kjend med overtru og skikkar frå førkristen tid til kristen tru. Dei vil også få lukte og smake på noko frå eldre julefeiring.

Som avslutning på opplegget blir det juleverkstad der dei vil produsere noko dei kan ta med heim.

Pedagogisk gjennomføring

1) Elevane vil møte ein julepynta einebusk, kor vi samlast for ein kort historiestund. Elevane får ein introduksjon til eldre juletradisjonar, frå folketru til kristne juletradisjonar.

2) Elevane blir delt i mindre grupper. Kvar gruppe vil få utdelt eit gjeremål dei vil få i oppgåve å sette seg inn i og fortelje om for resten av klassen. NB! Her er det naudsynt at lærarane hjelper til både med inndeling i grupper og veiledning undervegs.

3) Klassen samlast rundt juletreet for å fortelje kvarandre om gjeremåla dei måtte utføre. Her kan dei bruke fantasien og gjere det som eit skodespel om dei ynskjer.

4) Når alle gjeremåla er utført er vi klare til julefeiring! Som avslutning på opplegget blir det juleverkstad til tradisjonsrike julesongar, samt ein smak på julegodtet dei har laga. Og har elevane gjort alt dei skal kan det vere den sjenerte kystnissen visar seg.

Order form

More school experiences

School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Truede og hetsede måkefugler

Haldenvassdragets kanalmuseum

Naturfag grades 5 - 7 grades 8 - 10

Share to