Share to
Collections
Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane (MISF) formidlar kultur- og kunsthistorie på 13 ulike arenaer, spreidd over heile regionen Sogn og Fjordane. På våre museum kan du lære om korleis folk i regionen har levd, arbeidd og budd, og du kan møte kunstverk av kjende kunstnarar. Sjå heimesidene våre for meir informasjon.
Astruptunet
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kommunane i indre og midtre Sogn. Museet ligg på Kaupanger i Sogndal kommune.
Eikaasgalleriet
Kvernsteinsparken
Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystmuseet i Sogn og Fjordane er ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kystkommunane i Sogn og Fjordane. Museet har administrasjonsstad i Florø.
Nordfjord Folkemuseum
Nordfjord Folkemuseum er ei avdeling av Musea i Sogn og Fjordane, med friluftsmuseum, innandørs utstillingar og museumsfartøyet Holvikejekta. Museet ligg på Sandane i Gloppen kommune.
Norsk Reiselivsmuseum
Norsk Reiselivsmuseum er ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Museet formidlar reiselivshistorie frå tidleg 1800-tal og fram til i dag, og er lokalisert i sentrum av Balestrand kommune.
SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM), forvaltar om lag 1450 kunstverk frå 1852 og fram til i dag. Dei fleste verka er laga etter 1970. Samlinga byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk, med nokre internasjonale innslag. Verka er laga av om lag like mange kvinner som menn; ein sjeldan kjønnsbalanse i norsk museumssamanheng! Kunstverka
Sogn Kunstsenter
Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen. Museet har samlingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord og bygg som syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet tilbyr tilrettelagte omvising og formidling, skiftande utsti