Share to
Eikaasgalleriet vart opna i 1994 i eit ombygd meieri ved Jølstravatnet. Her kan du sjå kunst av Ludvig Eikaas og andre kunstnarar.
Eikaasgalleriet er ein arena under Musea i Sogn og Fjordane.
Eikaasgalleriet
På Eikaasgalleriet kan du sjå store deler av kunsten Ludvig Eikaas (1920-2010) skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum i Noreg. Jølstringen Eikaas vert rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar. Han var ein pionér innanfor modernismen i Noreg frå slutten av 1940-talet.
I modernismen var det ikkje lenger eit mål for biletkunstnarane å skildre røynda i detalj. No var det viktig å heller utforske inntrykk, form, farge, komposisjon og overflate.
Du vil fort oppdage at grafikaren, målaren, teiknaren og skulptøren Eikaas var ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var mellom anna blant dei første som tok i bruk hardplast i skulptur. På Eikaasgalleriet kan du oppleve skiftande utstillingar med samlinga på over 850 verk. Eikaas er særleg kjend for tresnitta sine og var ein av få kunstnarar etter krigen som arbeidde mykje med portrett. Ein tredjedel av samlinga er difor portrett. Av desse er nesten 70 sjølvportrett! Over 100 er portrett av menneske som har prega kultur- og samfunnslivet i Noreg frå 1950- fram til 1990-talet. Sjansen er stor for at du vil møte eit av desse og kanskje vil du verte overraska og humre litt over korleis han skildra folk.