History
-
Båten vart brukt til fiske, spesielt torskefiske med garn av båtlaget Samson S. Frøyen, Peder Larsen jr. Frøyen, Per (ell. Peder Frøyen) og ein til. Dei var fire som eigde båten saman.
Slagkeipingen gjekk av bruk som fiskebåt på 1920-talet. Båtlaget gjekk då over til motorbåt. Den har vore brukt til torskefiske med garn og til byføring (Bergen). Båtlaget hadde leigekarer inne frå fjordane under fisket. Solveig Frøyen hadde høyrt nevnt spesielt holmedølingar som deltok i fisket. Dei virka torsken sjølv på bua si, flekka, salta og tørka. Ferdigtørka vare kunne dei sjølv føre til Bergen.
Til byferder hadde dei ein løfting som dei satte på. Den er no vekke. Registreringsnummeret SF 150 B som er påmala beholdt dei etter at båten gjekk av bruk. Det var fleire som ba om å få overta det, men dei ville ikkje gje det frå seg.
Seinare har båten bare vore brukt til kapproing 17 mai. Dei hadde bare denne eine båten, så kvart lag måtte ro aleine etter tur ein viss distanse på tid.
Informantar: Solveig Frøyen, Ansgar og Albert Vamråk.
Produksjon - Produsert: 1905 (Fortegnelse over merkepliktige norske fiskefarkoster 1922, s. 373. Bergen 1922.)
ByggeårProduksjon - Bearbeidet: 1980 - 1985 (Opplysning frå Solveig Frøyen)
Båten fekk skade ved sprengingsulukke på vegarbeid nokre år før båten kom til museet. Fraste halvdel av ripebordet på styrbord side vart då skifta av båtbyggar Sigurd Gulestø frå Kalvåg.Aksesjon: 1987 (Aksesjonsskjema)
Gitt til Kystmuseet 12.april 1987.- BruksstedSogn og Fjordane Bremanger Frøyen
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier KSF.001941
- Part of collection Kystmuseet i Sogn og Fjordane
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Kystmuseet i Sogn og Fjordane
- Date published September 20, 2024
- Date updated July 13, 2025
- DIMU-CODE 0210214668169
- UUID 77f909e1-0b30-4651-9d6f-85e729b6a27e
- Tags
2 comments
Dette er ikkje slagkeiping.
Det er ein fullrømt firrøing
Slagkeiping har eit årepar framme på slaget. Det har ikkje denne.
Svein Leif Fristad, October 20, 2024
maksmål818.0 cm
Denne båten er utvilsomt for meg ingen slagkeiping, men fullrømt firrøing.(12-13 alen a.62,8 i snormål.
Det båtar med både 5 og seks par årar som og var slagkeipingar - dvs ikkje fullrømte.
Svein Fristad, June 12, 2025
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».