Historikk
-
Lykta vart laga som eitt eksperiment etter fortal. Det vart brukt skjålykter i NFM si samling som modell. "Skjelettet" i tre og metall vart laga på museet. Initiativtakar Aase Ryssdal Sæther overtok "tre-skjelettet", og då ei ku kalva i fjøsen hennar, brukte ho delar av fosterhinna etter kalvinga til "skjå" på lykta.
Eksperimentet kom til som fylgje av at far til Aase (Lars Ryssdal f.1911) i si tid hadde fortalt at fosterhinne frå ku vart brukt til skjå på skjålyktene tidlegare. Faren hadde ikkje fortalt korleis dei gjekk fram, så Aase eksperimenterte seg fram. Aase vaska og rensa fosterhinna etter kalvefødselen og hinne vart dratt rundt tre-skjelettet og stramma i våt (fersk) tilstand. Hinna festa seg då naturleg til treet.
Aksesjon: 2010
Produksjon: 1. januar 2010 - 25. februar 2010 (omtrentleg)
Trearbeidet utført på museet av museumshandverkar kopiert etter lykt i samlinga(NFM.0000-00741. Skjå teke på tre-"skjelettet" av Aase Ryssdal Sæther i fjøsen hennar på garden Ryssdal i Gloppen kommune. Skjåen var fosterhinne frå kalv som vart reingjort og teke på i "fersk" tilstand.- ProdusentSæther, Aase Ryssdal
Klassifikasjon
-
- Varme og lys (Outline)OU 354
- Lys (Outline)OU 373
- Tekniske hjelpemidler (Outline)OU 416
Lisensinformasjon
- Lisens Kontakt eier for mer informasjon
Mer informasjon
- Inventarnr. NFM.2008-00059
- Inngår i samling Nordfjord Folkemuseum
- Eier av samling Sogn og Fjordane
- Institusjon Nordfjord Folkemuseum
- Publiseringsdato 17. februar 2024
- Oppdatert 23. februar 2024
- Dimukode 0210214254926
- UUID cbe95048-96ad-404b-9819-6531e7aa5c02
- Nøkkelord
Kommenter eller foreslå endringer
For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».