History
-
- Ringedalsdammen er bygd i handmeisla granitt, og er den største av sitt slag i Norge. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten, den er 521 meter lang og 33 meter høg. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³ og er bygd i fleire byggetrinn i åra 1909 – 1918. Under første byggetrinn i 1909-12 vart dammen bygd i tørrmur av granittblokker frå terrenget, lagt i sementmørtel på dei nærmaste tre meter mot vass-sida. I neste byggetrinn i 1914 vart den indre delen bygd av betong og stein, på baksida og på toppen av den første dammen, med den største betongmassen mot vatnet. Delar av denne vart seinare fjerna. Arbeidet var prosjektert av Ing. Kinck`s Vandbygningskontor (frå 1911). AS Kristiania Monier og Cementvarefabrik, og entreprenørfirmaet AS Høyer-Ellefsen sto for arbeidet. Lekkasjar førte til at det frå 1925 vart sett i gong systematiske målingar. Fram til 1928 freista ein å injisera med betong i sjiktene. Dette hadde ikkje ynskja resultat. I 1928 vart avgjerda teken om å støypa ei jernbetongplate på sida mot vatnet. Damplata er 20–47 cm tjukk og har eit areal på 9700 m². Det vart støypt 68 seksjonar med 1 horisontal og 38 vertikale ekspansjonsfuger. Fugene vart opphaveleg tetta med kopparplater, bitumen og asfalt. Veggen er støypt to meter frå opphaveleg dam og har tett med trykkstavar mot denne. Arbeidet stod ferdig i 1931. Støypeteknikken med armert betong på innsida og banebrytande arbeid med glideforskaling var ei nyvinning utarbeida av ingeniør Chr. F. Grøner, og vakte internasjonal oppsikt. Grøner fekk tildelt Sam Eyde sin ærespris for framifrå ingeniørarbeid i 1934.
Fotografering: 1932 (ca)
- FotografWilse, Anders Beer (1865 - 1949)sikker
- Adresse,Norge Oslo (fylke) Oslo
- ProfessionFotograf og ingeniør
- Alternative namesBeer Wilse, Anders
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Wilse, Anders Beer»
Eierskap
The object is used in 1 article
License information
Metadata
- Identifier I-07807
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published October 4, 2016
- Date updated June 24, 2025
- DIMU-CODE 021016582076
- UUID f35e8342-e38a-4fc3-8a05-45423bc50671
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».