Ringedalsdammen i Skjeggedal
Ringedalsdammen er bygd i handmeisla granitt, og er den største demningen av sitt slag i Norge. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten, den er 521 meter lang og 33 meter høg. Magasinkapasiteten er 407 mill. m³, der 202 mill.m³ er oppdemma. Dammen står imot 490m³ og er bygd i fleire byggetrinn i åra 1909 – 1918.
Byggetrinn
1914: Betongdam prosjektert av Ing. Kinck`s Vandbygningskontor (frå 1911). Den indre delen var bygd av betong og stein på baksida og på toppen av den første dammen, med den største betongmassen mot vatnet. Delar av denne vart seinare fjerna. Forblending med granittstein hogd for hand. Overløpsregulering i sørenden av dammen. AS Kristiania Monier og Cementvarefabrik, og entreprenørfirmaet AS Høyer-Ellefsen sto for arbeidet.
Samstundes vart det også bygd ein reguleringstunnell og tre lukehus i granitt ved damfoten.
1925: Systematiske målingar vart gjort. Mager betong i den gamle dammen hadde medført lekkasjar. Fram til 1928 freista ein å injisera med betong i sjiktene. Dette hadde ikkje ynskja resultat.
1928: Avgjerda vart teken om å støypa ei jernbetongplate på sida mot vatnet.
1929-31: Vegg eller plate vart støypt i armert betong på innsida. Ingeniørfirmaet Chr. F. Grøner prosjekterte det banebrytande arbeidet med glideforskaling. Entreprenørfirmaet AS Høyer-Ellefsen utførte anleggsarbeidet.
Damplata er 20–47 cm tjukk og har eit areal på 9700 m². Det vart støypt 68 seksjonar med 1 horisontal og 38 vertikale ekspansjonsfuger. Fugene vart opphaveleg tetta med kopparplater, bitumen og asfalt. Veggen er støypt to meter frå opphaveleg dam og har tett med trykkstavar mot denne.
1931: Arbeidet stod ferdig. Støypeteknikken med armert betong på innsida og banebrytande arbeid med glideforskaling var ei nyvinning utarbeida av ingeniør Chr. F. Grøner, og vakte internasjonal oppsikt.
Grøner fekk tildelt Sam Eyde sin ærespris for framifrå ingeniørarbeid i 1934.
Brakker og villa
Samstundes med bygginga av Ringedalsdammen, vart brakkebyen i Skjeggedal bygd opp. Folk måtte ha ein stad å bu nær dammen. Anleggsarbeidarane vart innlosjerte i brakker som vart reist på nordsida av elva, og som ganske snart var overfylte. Dei som ikkje fekk plass der, budde under overheng i steinrøyser i dei bratte fjellsidene.
Dei fleste brakkene låg i Skjeggedal og Tyssedal, og to arbeidarar måtte ofta dela ei seng - ein sov mens den andre arbeidde. Etter kvart vart det sett opp brakker over alt, og dei fekk namn som Svenskebrakka, Pappbrakka, Bondebrakka, Danskebrakka og Tyfusbrakka. Danskebrakkene fekk namnet fordi dei var bygde etter ein dansk teknikk med lemseksjonar som gav ein viss varmeisolasjon. Svenskebrakka fekk namnet fordi det budde mange svenskar der. Etter at to arbeidarar hadde fått tyfus og heile brakka måtte røykleggast for å få vekk smitte, vart den brakka kalla Tyfusbrakka.
Berre anleggsingeniøren skulle ha ein «skikkeleg» bygning for bustad og kontor. AS Tyssefaldene sin ingeniørbolig i Skjeggedal, sør for elva Tysso og Ringedalsdammen, var ny i 1909. Huset vart levert som prefabrikert byggesett fra «Strømmen Trævarefabrik», Akershus. Det var tilpassa som bolig og kontor, og ingeniør Thorvald Schult (1874-1937 ) var den første som flytta hit i 1910. Han hadde nettopp stifta familie, og eitt av barna vart født her i 1910-11.
I 1913 vart huset flytta høgare fordi plasseringa var i konflikt med utbyggingane på Ringedalsdammen. Huset vart sidan kalla "Villaen".
Schult’s tunnell og Svelberghaug
Bygningsingeniør Thorvald Schult var byggleiar med hovudansvar for tunneldrift ved vasskraftanlegget. Tappetunnellen ”Schult's tunnel” (også Schultz’ tunnel) under Ringedalsvatnet, er oppkalt etter han. I samband med den første utbyggingsperioden, vart det slått ein tappetunnel gjennom den naturlege terskelen som danner Ringedalsvatnet. Arbeidet vart først sett bort til kontraktørane Strøm & Hornemann. Grunna dårleg framdrift tok AS Tyssefaldene sjølv over 25. mai 1907. Tunneldrifta vart ført vidare under leiing av ingeniør Schult.
Då anleggsarbeidet med vasskraftutbygginga byrja, leigde Tyssefaldene bustaden på Svelberghaug som leiligheit til ingeniøren. Ein kasserar budde der også. Huset låg på det høgste punktet på den gamle turistvegen til Skjeggedal. Skjeggedalsfolk kalla staden for Svelgarhaug, gjelet under vart kalla Svelget. Her hadde Kristen Tyssedal, og seinare Lars Stana drive kafé for turistane som skulle til Skjeggedalsfoss. Etter at vasskraftutbygginga starta, tok AS Tyssefaldene over huset, og bygde i tillegg smie, snikkarverkstad og eit uthus på staden.
Skjeggedal kraftstasjon
Skjeggedal kraftstasjon stod ferdig i 1938. Den nytta fallet på 30 meter frå Ringedalsvatn til Vetlevatn. Drifta av stasjonen vart stansa etter at Oksla Kraftstasjon kom i drift våren 1980.
I 1986 vart Skjeggedal kraftstasjon bygd om til pumpestasjon. Her vert vatnet frå Vetlevatn (Mågeli kraftstasjon) løfta opp i Ringedalsdammen og nytta ein gong til i vasskraftproduksjonen i Oksla.
Vasskrafta i Skjeggedal under 2. verdskrigen.
Nordag var eit føretak som gjorde seg gjeldande på industristadane i det okkuperte Norge under andre verdskrigen, òg i Odda. Nordag - Nordische Aluminium Aktiengesellschaft - skulle bygga aluminiumsindustri i område kontrollerte av Tyskland. Det tyske Luftwaffe trong aluminium til produksjonen av fly.
Nordag-anlegga på Eitrheim og i Skjeggedal vart aldri ferdigstilte. Begge stader var det til tider 1000 mann i arbeid. Alt arbeid vart stansa sommaren 1943, då tyskarane si krigslukka snudde. Det som hadde vorte bygd opp, vart skipa ut til Tyskland, og arbeidet på Tysso II skulle visa seg å ha liten eller ingen verdi i seinare utbyggingar.
Dei første
Ingeniør Nils Henrik Bruun frå Bergen, og fabrikkeigar og ingeniør Per L. Aga frå Hovland var dei første ”fossespekulantane” med kraftrettar i Tyssovassdraget. Ingeniør Bruun sikra seg dei første fallrettane i den nedre delen av Tyssovassdraget allereie i 1894.
Frå 1897 byrja fabrikkeigar Aga å sikra seg rettar i dei øvre delane av vassdraget. Mellom anna retten til å demma opp Ringedalsvatnet. I samarbeid slo Aga og Bruun ut ein tappetunell frå Ringedalsvatnet til Vetlevatn i 1903. Dette for å sikra tilgang på vinterkraft.
Den såkalla "Bruuns tunnel" hadde ein botnkote på 428. Med tunnelen kunne vannstanden i Ringedalsvatnet verta senka med 10 meter. Tunnelen hadde ei lengd på 100 meter og ein diameter på 1,5 meter. Den gjekk tvers gjennom den naturlege terskelen som danna vestenden av vatnet. I samarbeid planla, og til dels starta dei den første utbygginga av Tyssovassdraget då dei i 1906 bygde ein demning ved Vetlevatn og eit lite kraftverk under Sjoarfossen nede i Tyssedal. Det skulle visa seg å vera ein særs nyttig kraftstasjon, som leverte straum til sjølve kraftutbygginga.
Bruun og Aga selde rettane sine i 1905 til ”fossespekulant” og ingeniør Fredrik Hiorth. Hiorth selde rettane vidare til ei gruppe forretningsmenn med Sam Eyde i spissen, det såkalla ”Eyde- konsernet” i februar 1906.
Eyde-konsernet stifta A/S Tyssefaldene den 20. april 1906.
Kjelder
Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956
AS Tyssefaldene - krafttak i 100 år
Kraftmuseet arkiv