History
-
Det var først då turismen tok til å verte ei viktig næring i fjordbygdene i dei siste tiåra av 1800-talet at tanken om ein køyreveg over Strynefjellet vart vekt. Turistvertane i Stryn og Geiranger såg den nye jernbanen ete seg oppover Gudbrandsdalen. Den var framme på Otta i 1896, og karjolskyss frå Geiranger og Stryn til jernbanen på Otta kunne verte ei attraktiv turistrute. Det same ville ein rundtur over Strynefjellet mellom Oppstryn og Geiranger verte. Difor vart den første Strynefjellsvegen over Videseter som opna i 1894, først og fremst som turistveg.
Alt i 1867 tok Stryn kommunestyre opp spørsmålet om veg til Skjåk. Stortingsvedtaket kom i 1880. Strynefjellsvegen frå Hjelle i Oppstryn til Grotli vart opna i 1894. Geirangervegen til Grotli var ferdig i 1889. Den gamle Strynefjellsvegen går i 19 slyngar opp Tystigen ved Videseter, og vert framleis halden ved like, med status som ein av våre nasjonale turistvegar. Det høgste punktet på den gamle vegen er 1139 meter.
((Kjelde: Nettstaden "Allkunne", artikkelen "Strynefjellsvegen" av Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane.)
Fotografering: August 6, 1994
- FotografNesje, Karsteinsikker
Classification
-
- Veier og broer (Outline)OU 491
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVM 00-F-40129
- Part of collection Norsk Vegmuseum
- Owner of collection Norsk Vegmuseum
- Institution Norsk vegmuseum
- Date published December 1, 2021
- Date updated December 1, 2021
- DIMU-CODE 0210111459261
- UUID 0552c522-bce6-439c-a0c7-bdbca67a7e02
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».