Fredsommaren 1945
Det finst mange foto frå fredsåret med vaiande norske flagg for alle som kom heim frå krigen til ulike tider vår og sommar 1945. Dei som kom heim på dette fotoet er utvalde born frå Telavåg og Bergen som hadde hatt krigshendingar nært inn på livet. Sommaren 1945 reiste desse borna på noko som borna frå Telavåg oppfatta som eit ferieopphald i Sverige.
Kort fortalt var det eit tiltak frå Redd Barna i Sverige om eit opphald med godt kosthald hos ein svensk familie til krigsramma norske born. På norsk side var det organisasjonar som Nasjonalhjelpen, Den Norske Raudekrossen og Norske Kvinners Sanitetsforening som organiserte tilbodet. Lengda på opphaldet kunne variera, men borna frå Telavåg var borte i om lag ein månad. I to år frå våren 1942 hadde borna frå Telavåg vore internerte i Bergen og sidan på Framnes i Hardanger. Frå mai 1944 vart Telavågborna saman med mødrene innlosjerte hos slektningar og andre som tok imot dei i nærområda til Telavåg. Sommaren 1945 var dei arbeidsføre frå Telavåg engasjert i å byggja opp att bygda si. Borna mellom sju og 15 år fekk tilbod om å få reisa til Sverige på seinsommaren 1945. Ingrid Telle var 14 år denne sommaren og saman med broren som var ti, reiste dei frå Klokkarvik der dei var innlosjerte hos familien Tveit etter interneringa i Hardanger. Frå Bergen gjekk turen med nattog via Oslo til Sverige. Dette var første gongen Ingrid reiste med tog. Ho hadde fått i oppgåve å passe på den viltre veslebroren Arnfinn, og ho frykta han ville falle ned frå overkøya i kupeen på reisa.
Like etter at dei kom til Gøteborg i Sverige, vart dei oppdressa i nye klede. Dressane som gutane fekk vart i Telavåg sidan omtala som «Svenskedressen». Så vart dei fordelte rundt til dei ulike familiane. Ingrid kom til familien Hill i tettstaden Dalsjöfors, og broren vart plassert hos ein familie ikkje langt unna. Familien Hill bestod av mor, far og to søner som var litt eldre enn Ingrid. Det var eit kontorlokale i første etasje og der arbeidde Herr Hill. Då Ingrid var med Fru Hill på innkjøp i gata i Dalsjöfors, kunne ho treffa andre born frå Telavåg som var ute i same ærend med sin vertsfamilie. Familien Hill hadde ein landstad som også Ingrid fekk koma til. Elles så minnast ho opphaldet med bading og koseleg samvær med den venlege familien Hill.
Ingemund Midttveit frå Telavåg fekk saman med ein yngre bror også koma på sommaropphald hos ein hyggeleg familie i Sverige. Ytingar frå Sverige var ikkje heilt ukjent for Telavågfolket. Mennene frå Telavåg, som kom med dei kvite bussane frå konsentrasjonsleirane i Tyskland, hadde også eit opphald i Sverige bak seg før dei kom heim. I Sverige fekk Telavågmennene mat og helsehjelp før dei skulle møta sine kjære i heimlandet. Ingemund vaks opp på bruket Lia på Midttveit i Telavåg som eldst i søskenflokken. Faren vart sendt frå bygda saman med dei andre mennene frå Telavåg våren 1942. Eit par dagar etter måtte Ingemund saman med bror, søster og ei mor som var gravid, forlata bygda. Det blei grufulle år i fangenskap for dei i Tyskland, men også for dei internerte familiane som mest av alt frykta for menna sine liv i Tyskland. Ingemund var av borna i Telavåg som opplevde at far kom heim att frå Tyskland. Ingrid fekk ikkje far sin heim frå fangenskap.
Ein kan undra på om det å sende vekk born slik ein gjorde i 1945 er det rette å gjera i ein slik situasjon. Når krig har skilt ein familie frå å vera saman, og ein kort etter gjenforeining vert tilbydd å sende borna langt vekk i fleire veker, kan dette synast litt underleg.
I sine pensjonistdagar arbeidde Ingemund som tidsvitne både ved Nordsjøfartmuseet i Telavåg og på Aktive Fredsreiser sine turar med ungdomar til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Han såg på opphaldet i Sverige sommaren 1945 som ei fin oppleving, og kontakten med den svenske familien vart oppretthalde. Ingemund gjekk bort i 2017. Ingrid Telle som i 2025 bur på omsorgsbustad ved sjukeheimen i Skogsvåg har halde kontakten med sin vertsfamilie heilt sidan 1945. I dag er det tredje generasjon i Telle og Hill familiane som har kontakt.