Brøyt 4K fotografert utanfor gamle fabrikken på Rossaland omlag 1953. Kristian Søyland (1921 - 2007) er i førarhuset og Erik Strange Sørensen på traktoren.
Brøyt 4K fotografert utanfor gamle fabrikken på Rossaland omlag 1953. Kristian Søyland (1921 - 2007) er i førarhuset og Erik Strange Sørensen på traktoren. Kalvig, Børge Emil / Jærmuseet

Innovasjon og familieband: Historia bak Brøyt

Ingebret og Kristian Søyland utvikla den første Brøyt-gravemaskina på midten av 1900-talet, og la dermed grunnlaget for eit industrieventyr prega av innovasjon, teknologisk utvikling og tett samarbeid. Gjennom gode sosiale relasjonar i familien og lokalsamfunnet, vart Brøyt ein viktig aktør i maskinindustrien både nasjonalt og internasjonalt.

Mellomkrigstida i Noreg var prega av store kontrastar. Teknologiske nyvinningar og økonomisk vekst skapte håp og framgang, men arbeidsløyse og gjeldskrise ramma mange hardt. Desse omgivnadane utgjorde rammene for oppveksten til Ingebret (1916-1982) og Kristian Søyland (1921-2007). Som innovative handverkarar utvikla dei den første Brøyt-gravemaskina på midten av 1900-talet, og dette vart starten på eit omfattande industrieventyr. Mellom 1951 og 1999 vart det produsert meir enn 7500 Brøyt-maskiner, og maskinene vart eksportert til 49 ulike land. Denne artikkelen utforskar grunnlaget for industrieventyret og spør: Kva rolle spelte familieband og personlege relasjonar for Brøyt sin suksess?

Oppvekst og tidleg verksemd

Brørne Ingebret og Kristian Søyland vaks opp på Jæren som del av ein søskenflokk på sju. Familien var prega av tette familieband, men dei opplevde både økonomisk usikkerheit og personlege tragediar. Familiefar Andreas døydde av blodforgifting i 1935, og dette vart eit hardt slag for familien. Dei resterande familiemedlemmane måtte samarbeide for å overleve, og Søyland-brørne fekk dermed tidleg erfaring frå arbeidslivet. Som barn hjelpte dei til på garden, arbeidde på eit lokalt meieri, og nytta kvart høve til å lære av handverkarar hos familieven og fabrikkeigar F. A. Underhaug. Erfaringane frå verkstad, jordbruk og meieri gav kunnskap om maskiner, kraftoverføring og diverse utstyr. I tillegg styrkte dei den tekniske og teoretiske kompetansen sin gjennom skulegang, mellom anna ved at Kristian tok utdanning ved automobillinja på Stavanger elementær-tekniske skule. Desse erfaringane skapte grunnlag for innovasjon og teknologisk utvikling.

Etter andre verdskrigen starta Ingebret snikkarverkstad i hønsehuset til mora på Bryne. Verksemda, som først omfatta møbelproduksjon, opplevde rask vekst då Ingebret inngjekk ei langsiktig avtale om å produsere symaskinkasser for Maskinhuset i Stavanger. Frå slutten av 1940-åra kom også Kristian med i verksemda, og samarbeidet mellom brørne synte seg å vere både konstruktivt og produktivt. Kristian hadde eit godt grep om teori og teknikk, medan Ingebret utmerka seg med kompetanse på praktiske løysingar. Denne kombinasjonen la grunnlag for innovasjon og nytenking. Mellom anna utvikla dei ei anordning for bøying av finerplater, slik at symaskinkassene fekk rett form. Den nye bøyemaskinen førte til ei sterk auke i produktiviteten, og totalt vart det produsert meir enn 1400 kasser. At verkstaden heldt til i hønsehuset til mora, og at samarbeidet mellom brørne var så tett, understrekar at familiebanda var viktige for verksemda heilt frå starten.

Landbruk og tidleg maskinproduksjon

Dyrking av ny jord var ei prioritert oppgåve i etterkrigsåra, og det var stor etterspørsel etter tekniske hjelpemiddel som kunne avlaste det tyngste arbeidet i jordbruket. Traktoren, som fekk si moderne form i 1930-åra, vart ein sentral reiskap i denne utviklinga. Den gjorde det mogleg å bruke varierte landbruksmaskiner, som tilhengarar, potetopptakarar og anna utstyr. Samstundes vart gravemaskiner meir vanlege i Noreg, og fleire aktørar på Jæren bidrog til teknologiske nyvinningar innan maskinproduksjon. Blant desse var Moldvarpen, ei gravemaskin utvikla lokalt i samarbeid mellom den framsynte bureisaren Trygve Moi og smeden Ole Aarre. Denne utviklinga la også viktige teknologiske og sosiale rammer for det vidare arbeidet til Søyland-brørne.

Ingebret og Kristian Søyland avgrensa seg ikkje til symaskinkasseproduksjon, men tok på seg varierte oppdrag innan mekanisk produksjon. Dei laga mellom anna skinner, beslag og trinser for skyvedører, og dei utvikla ein potetopptakar for traktor. Dette vart eit tidleg steg inn i landbruksmaskinindustrien, og denne erfaringa vart nyttig då dei hausten 1950 fekk i oppdrag å produsere ei gravemaskin. Kunden, Jostein S. Salte, ønskte ei maskin basert på konseptet utvikla av Moi, som var brukt til grøftegraving. Brørne var interesserte i dette, men ambisjonane strekte seg lenger: Dei ville utvikle ei meir avansert maskin som kunne svinge 360 grader, og som kunne nyttast både til grøfting, graving av husgrunnar og lasting av masse på lasteplan. Førespurnaden frå Salte vart dermed starten på ein kreativ prosess som skulle leie fram mot den første Brøyt-maskina.

Arbeidet med den første gravemaskina starta rundt årsskiftet 1950/51, og produksjonsmateriellet bestod i hovudsak av gamle bildelar og restar frå krigen. Maskina vart konstruert og bygd på same tid, og skisser vart improvisert med kritt på golv og veggar. Ei av dei største utfordringane – å få bommen til å svinge – vart løyst på kreativt vis. Dei kjøpte ein gammal tysk kanonlavett, funnen i sjøkanten, for 40 kroner. Den øvre delen av gravemaskina vart montert på lavetten, medan den nedre ramma, der hjula var festa, vart kopla til traktoren gjennom eit tredje punkt. Dermed fekk bommen 360 graders sving. Denne første maskina vart omtalt som ei «forsøksmaskin», og den vart raskt tatt i bruk av Jostein S. Salte. Etter ei kort prøvetid tok Søyland-brørne maskina tilbake for å oppgradere den med fleire sjølvkonstruerte delar. Kristian Søyland har seinare fortalt at maskina fungerte godt og vart nytta av Salte i om lag ti år. Denne første maskina har seinare gått tapt.

Innovasjon og vidare satsing

Brørne vidareførte satsinga på gravemaskinproduksjon, og det kommersielle salet starta i august 1952. Maskinene fekk namnet «Brøyt», og dette skulle reflektere både maskina si funksjon og familiebandet som stod bak. Bestillingar kom raskt frå heile landet, og gravemaskinene, som vart seld for 17 500 kroner, gav brørne ein stabil inntektsstraum. Den raske veksten gjorde at dei måtte flytte produksjonen frå eigedomen hos mora, men tanta deira, Janne, stilte areal til disposisjon på Rosseland. Seint i 1952 vart derfor verksemda flytta dit, og lokala vart gradvis utvida. Innan 1953/54 hadde dei åtte tilsette, og fram til 1957 bygde dei totalt 76 vaierbaserte gravemaskiner. Den påfølgande overgangen til hydrauliske maskiner markerte ei ny epoke, og satsinga på moderne teknologi la grunnlaget for vidare vekst og suksess i tiåra som følgde.

Denne suksessen var eit resultat av fleire faktorar, mellom anna familieband og lokalt samarbeid. For det første utfylte Ingebret og Kristian Søyland kvarande gjennom sine ulike styrkar, der praktiske løysingar møtte teknisk innsikt. For det andre spelte familien ei viktig rolle, illustrert gjennom den tidlege støtta frå mora og tanta. I tillegg var miljøet blant industriaktørane på Bryne prega av samarbeid og gjensidig støtte, der aktørar som Bryne mekaniske verkstad bidrog til å leggje til rette for vidare utvikling. Historia om Brøyt er såleis ein del av ei større forteljing om teknologisk framgang etter krigen. Samstundes viser den korleis familieband og lokalt samhald kan vere drivkrefter for innovasjon og verdiskaping. Gjennom satsing på teknologi og entreprenørskap, bygd på solide sosiale fundament, skreiv Søyland-brørne ein viktig del av norsk maskinhistorie.

Litteratur

  • Jøssang, Lars Gaute. «Brøytoppfinnarane i Kolheia» i Sjå Jæren: Årbok for Jærmuseet. Jæren: Jærmuseet, 1991.
  • Nese, Kyrre. Om Brøyt og brøyter. Bryne: Jæren forlag, 2018.
  • Nielsen, May-Brith Ohman. Etter 1914. Oslo: Aschehoug, 2011.
  • Vaaland, Karl. Jærsk industri gjennom 130 år. Bryne: Karl Vaaland, 2007.

Share to