Norlender Knitwear på Osterøy i 2016.
Norlender Knitwear på Osterøy i 2016. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet

Ola Tveiten Trikotasjefabrikk

Bedrifta som i dag går under namnet Norlender Knitwear, blei grunnlagt i 1927 av Ola Tveiten, og med hans namn: Ola Tveiten Trikotasjefabrikk. Det starta med ei maskin som vart sett opp i kjellaren på garden, der dei to tenåringssønene og kona Maria Tveiten sette i gang maskina medan Ola arbeidde som bygningsarbeidar i Bergen.

Fabrikken på garden

Snart vaks dei ut av kjellarlokalet, og bygde ein eigen fabrikkbygning på garden, med eige strikkeri og saumsal. Fleire unge damer fekk husrom hos familien Tveiten og arbeidde på den vesle fabrikken. I 1947 vart produksjonslokala på garden for små, og det vart reist eit eige fabrikkbygg nede ved sjøen på Hosanger på Osterøy, der fabrikken ligg i dag.

Tidlegare produserte bedrifta bomullstøy og undertøy i merket Svale. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Kvit undertrøye med blondedetaljar Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Grøn singlet med kvite svalar Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Kvit underkjole i rayon Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Kvit sparkebukse i merket Svale Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Grøn underbukse for barn med svaledekor Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Raud Svale sparkebukse med heil fot og svalemønster Tekstilindustrimuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Mintgrøn Svale underkjole Tekstilindustrimuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Hamskifte

Ola Tveiten Trikotasjefabrikk produserte mest bomullsundertøy og babytøy i merket Svale. Men marknaden for å produsere denne typen plagg i Noreg vart hard utover 1980-talet. I 1989 overtok tredje generasjon i Tveiten-familien, og endra namnet til Norlender Knitwear. Maskinparken blei skifta ut med flatstrikkemaskiner, og i dag leverer bedrifta jakker, genserar, skjerf, huer og vottar i ull. Jakkene og genserane, blant dei klassiske islendarar i norsk ull, er produserte på fabrikken på Hosanger. Bedrifta får hjelp av underleverandørar i utlandet til plagg dei ikkje kan produsere sjølv. Til dagleg er det rundt åtte tilsette innan garnmottak, strikking, saum, pakking, lager, sal og design – fleire om sommaren.

Norlender Knitwear i 2016

Foto frå bedrifta i 2016. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Ferdige islendarar klare til pakking. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Frå strikkeriet. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Lager. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Svale-merket i produksjonslokala. Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet
Hanne Dale, Tekstilindustrimuseet

Kjelde:

Dokumentasjon av bedrifta og intervju med tilsette i 2016.

Order this image

Share to