Arne Garborgs gravferder
I jula 1923 låg Arne Garborg til sengs med lungebetennelse. Dei siste åra hadde han vore alvorleg sjuk fleire gonger, men nå sleppte ikkje sjukdommen taket. 14. januar 1924 kl. 14 mumla han “kvile sans façon” og slokna i senga heime på Labråten i Asker. Då stortingspresidenten fekk nyhenda, braut han av debatten på Stortinget. Han talte:
Ærede representanter! Norge har mistet en av sine største sønner! Arne Garborg er død.
Eit einstemmig Storting vedtok at staten skulle ta kostnaden for Arne Garborgs gravferd. Det var første gong ei slik ære vart vist ein diktar sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde i 1910.
Dragkampen om Garborgs gravferd
Avisnekrologane begynte å koma med kveldsutgåvene same kvelden. Dei neste fire dagane blei det trykt langt over hundre. Dei største avisene sette dødsfallet på første sida. Nokre førte fleire nekrologar i same nummeret, andre førte nekrologar i fleire nummer etter kvarandre.
Kona Hulda Garborg sørgde så ho blei sengeliggande. Ho ønska ei privat og humanistisk gravferd, men møtte motstand frå Stortinget. Familien måtte gje seg på det meste. Ein stor seremoni i Trefoldighetskirken blei pressa gjennom. Arne Garborg tilhøyrde ikkje berre familien, men heile det norske folket.
Garborgs første gravferd: Trefoldighetskirken
Den 21. januar fall snøen lett over hovudstaden. Sørgehøgtida skulle byrja klokka 14.30. Folk samla seg utanfor kyrkjedørene fleire timar i førevegen. Då dørene opna klokka 14, vart byens største kyrkje raskt fylt til randa. 3000 fekk plass i kyrkjerommet, ein stor menneskemasse måtte stå ute.
For første gong i norsk historie møtte heile Stortinget, regjeringa og kongen i ei gravferd. Kong Haakon sat fremst i midtgangen så alle kunne sjå han. Kyrkja var pynta med sørgeflor frå galleria. Ved alteret og kista, vakta av tolv målstudentar, stod høge palmar. Ein strykekvartett frå Det filharmoniske orkester opna med å spela ein spesialskriven sørgekomposisjon. Kyrkjelyden song salmar med tekstar av Aasen og Blix, og “Det stig av hav eit alveland” frå Haugtussa. Minnetalen vart halden på diktform av prest og venn Ivar Mortensson Egnund, som innleidde med å lesa første vers av Garborgs salme “Gud signe Noregs land”. 70 kransar vart lagde ned på kista. Strykekvartetten spelte “Våren” av Edvard Grieg, før orgelet avslutta med eit vakkert postludium.
Garborgs andre gravferd: Knudaheio
Arne Garborg blei kremert. Hulda ville ta med oska hans til sommarstova Knudaheio. Ho hadde lese dagboka, og visste dette var det han ønskte:
Eg vil planta ein lund. Og i den lunden vil eg ein gong reisa meg ein haug; i den vert eg lagd når eg er ferdig; der “bur” eg då sidan og er skogvord for Jæren.
Hulda Garborg gav Knudaheio til Time kommune mot at Arne Garborg skulle få haugleggast i hagen. Ho ønskte også at Time mållag skulle ha bruksrett og halda tilsyn med Garborgs diktarstove. Time kommune takka, og regjeringa gav sitt samtykke til hauglegginga.
Den 7. juni 1925 blei Arne Garborg hauglagt i sin eigen hage i Knudaheio med berre næraste familie og venner til stades, utan pomp og prakt – sans façon.
I samband med hundreårsmarkeringa for Arne Garborgs død, vert nokre av sløyfene frå Garborgs gravferd i Trefoldighetskirken utstilte på Garborgsenteret.
Sjå bårekrans-sløyfene på DigitaltMuseum her: