
Hardingar i "Ville Vesten" og Tokheim bensinpumper
Krisetider i Norge og forlokkande tilbod i Amerika gjorde at mange nordmenn utvandra i tida mellom 1820 og 1920. Frå 1862 kom lova om at alle som emigrerte frå Europa, fekk eit visst mål land til odel og eige. Noko som førte til at nesten halvparten av alle nordmenn på 1830-talet valde å reisa frå fattige kår, på jakt etter eit betre liv.
Dei fleste nordmenn som utvandra kom frå bygdene, og mange frå Tyssedal, Odda og andre stader i Hardanger bestemte seg også for å prøva lukka i det lova landet på andre sida av Atlanterhavet.
Dei som reiste først, skreiv brev heim om kor fantastisk alt var, og lokka på det viset slektningar til å flytta etter.
Samson J. Jordal skriv om då han og Jørgine Wetterhus steig ut av toget i byen Thor i Iowa som "newcomers" i året 1900. På perrongen møtte dei Ole Wilkesen (Ole Vigleiksen Sekse - også kalla Sexen). Han kom bort til dei og sa: "So! De kjeme frå Oddapodlen?" Oddapodlen var eit skjellsord på folk frå Odda. Jordal svara: "Me gjere nok da. Og du er eit Seksestyre?" - som var eit skjellsord på folk frå Sekse.
Jørgine Wetterhus skulle vidare til brørne sine. Dei hadde utvandra til Amerika nokre år tidlegare, heilt åleine; Jo som åtte-åring, Jacob og Knut berre fem år gamle. Det var ikkje uvanleg at born reiste den lange reisa aleine for å få betre oppvekstkår hos slekta i Amerika.
Samson Jordal var på veg til morbroren Samson S. Tokheim sin farm.
Fem av sju Tokheim-brør hadde allereie etablert seg i USA; Jørgen, Sam, Lewis, Andrew og John Tokheim. John var den siste av dei. Han kom som 16-åring i 1887. John var født i Odda 17. mai 1871, son til Martha og Jørgen Tokheim.
Knut og Nils vart verande i Norge, Knut tok over garden på Tokheim.
Amerikabåtane
Reisa med seglskip frå Europa til Amerika kunne ta frå fem til femten veker, og dei reisande måtte ha med seg eigen mat til turen. Dette var vanskeleg å planlegga, så dei fleste hadde med for lite mat. Det hende at folk svolt i hjel.
Turane var ei stor påkjenning for dei reisande, lite og trong plass, dårleg luft og reinhald. Mange døydde under overfarta, eller av smittsome sjukdomar etter dei kom i land. Det kunne vera 2000 mennesker frå forskjellege land om bord i eit skip samstundes.
Frå 1875 tok dampskipa over for seglskipa, det vart betre plass og tilhøve, og utvandrarane fekk moglegheit til å kjøpa pakketurar med mat inkludert i prisen. Kokekar, kjørler og bestikk måtte dei ha med sjølv.
Bergensfjord og Stavangerfjord var to av åtte skip under den norske handelsflåten si Amerikalinje. Desse skipa frakta utvandrarar til Amerika i over 60 år. Stavangerfjord var skipet som vart sjølvaste Amerikabåten.
Dette var ikkje reine passasjerskip, kvar reise vart kombinert med handel. Likevel vart 1923 eit rekordår for linja, med 18 601 passasjerar. Dette året innførte USA kvoteregulering på immigrasjonen, der antal immigrantar vart nedskalert dei neste åra, til 2377 i 1926, noko som førte til at Amerikalinjen mista mange passasjerar og tilsvarande inntekter. Fleire reiser gjekk no til Canada med utvandrarar, fram til også Canada innførte kvotereguleringar eit par år seinare.
Hardingar slo seg ned i "Junaiten"
Då innvandrarane kom gjennom nålauga ved ankomsten i New York og Ellis Island, stod dei framfor ei lang og farleg reise til stadene dei hadde fått tildelt land. Dei første som kom måtte bana vegen for dei som kom etter. Ikkje alle klarte seg, det vart for hardt. Nokre fraus eller svolt i hjel, andre vart drepne av innfødte eller i ulukker. Nokon reiste heim att til Norge.
Utvandrarane som kom seinare, hadde det enklare.
Frå 1865 til 1915 utvandra 35 521 mennesker frå Hordaland til Amerika.
Bleie vart til Bly
Helge Bleie utvandra til Amerika saman med andre i familien. "Over there" endra dei namnet til Bly. Diktaren og poeten Robert Bly stammer frå denne slekta. Robert Bly vitja Hardanger ein del, og var ein nær venn av Olav H. Hauge.
Det var ikkje uvanleg at utvandrarane tilpassa etternamna sine, eller endra dei heilt. Digranes vart til Digerness, Mannsåker til Mandsaker, Bakke til Baker og Sekse til Sexen. Fleire tok fornamnet til faren; Ole Reinsnos sine søner kalla seg Olsen. Ivar Oppheim tok namnet Krikken, sonen hans Peder tok namnet Ivarson. Heile 80% av politikarane i USA på ei tid stamma frå Norge. Peder Ivarson Krikken var senator i staten Washington i åtte år.
Lars Mikkelson Mandsager (Mannsåker) drog frå Odda til Amerika saman med andre ungdommar i april 1881. Han var då 22 år gamal. Brita Olsdotter Låte reiste over i 1886 og dei vart gifte der det året. Saman fekk dei ti born - fem jenter og fem gutar.
Siste reis
Jakob Eliasson Tokheim utvandra til Amerika i 1901 saman med kona Kristine Eitrheim. Dei fekk tre søner og ei dotter. Jakob etablerte seg som farmar i Loma, North-Dakota. Sommaren 1950 vitja han for fyrste gong på 49 år heimbygda si i Norge. Dette vart også den siste reisa, då Jakob døydde av slag ombord i Amerikabåten "Stavangerfjord" den 10. august, 76 år gamal.
Tokheim bensinpumper
Ein av dei som klarte seg bra i Amerika, var John J. Tokheim. Han hadde reist til onkelen som var utvandra nokre år før, og arbeidde på farmen hans for kost og losji. Samstundes gjekk han i lære på ein blikk- og metallverkstad. På fritida studerte han tekniske teikningar frå tidsskrifter.
Etter kvart opna han eigen verkstad med butikk i byen Thor, der han selde jernvarer, brønnpumper, og parafin og olje til lamper og omnar. Olje og parafin vart lagra i tønner og kar, og når ein tappa og fyllte produkta over i emballasje, vart det mykje søl. John ergra seg over dette, og han fekk ein idé om at det ville vera betre å lagra oljeprodukta i tankar under jorda. John bygde seg ein tank som han gravde ned, med eit røyr frå tanken inn til ei pumpe i butikken. Som ung gut hadde han leikt med ei pumpe heime på garden Tokheim, og brukte denne som grunnlag for oppfinninga. Pumpinga gjekk litt treigt, så ikkje lenge etter fann han opp ei ny og betre pumpe som han tok patent på: The visible measuring pump.
Denne oppfinninga vart ein suksess, oljeselskapa var begeistra. I 1900 selde han jernvarebutikken i Thor og flytta verksemda til Cedar Rapids, og firmaet fekk namnet Tokheim Manufacturing Company.
Tokheim fortsette å finna opp ting, og fekk internasjonal annerkjenning for bensinpumpa og andre tekniske produkt. I 1906 kom den første bensinpumpa som direkte kunne fylla ein bensintank på markedet: The Tokheim Dome Oil Pump. No vart pumpene flytta ut frå butikken og lagt ved vegen, og bensinstasjonen var født.
Eitt år seinare fann han opp målesystemet for væsker i tankanlegg, som framleis vert brukt i bransjen.
John J. Tokheim frå Odda
Investorar kjøpte opp mesteparten av aksjene til Tokheim i 1910, og han vart sett til sides. Men Tokheim etablerte eit nytt selskap - The Vac Liquid Equipment Company, som seinare fekk attende Tokheimnamnet: The Tokheim Company. Her selde han andre oppfinningar som vakuumpumper og tankmåleutstyr.
Etterkvart fann Tokheim opp bensinmålar for bilar, moderne tappetut for bensinpumper, elektrisk drevne bensinpumper, og eit vakuum reinseanlegg som trakk vatn ut av bensinen. Han utvikla også verktøy for det amerikanske forsvaret under 1. verdskrigen.
Då han døydde i 1941 tok dottera Agnes over leiinga av firmaet, saman med to nevøar som drifta det heile. Agnes leia bedrifta til ho døydde i 1994, 97 år gamal.
Foto: The John Tokheim Collection, Ushers Ferry Historic Village, Cedar Rapids Iowa.
Tokheim Quality
Bensinpumper over heile verda er framleis merka med Tokheim-skiltet.
Kjelder:
Bård Kolltveit: Amerikabåtane
Yngvar Holm: Den store boken om Amerikabåtene
NB - artiklar i Hardanger, Hardanger Folkeblad
Hardanger Historielag sitt tidsskrift Hardanger - 1968
Store Norske Leksikon
The John Tokheim Collection, Ushers Ferry Historic Village, Cedar Rapids Iowa.