Nikolai Astrup (1880 – 1928) har dei seinare åra fått fornya aktualitet. Kunstnarskapet har vore synt fram i ei rekkje land, og omtalen har utelukkande vore positiv. Ny forsking og...
9 objects
I utstillinga ser vi nærare på den «nye Astrup», og korleis han utvikla seg som kunstnar etter 1911. Gjennom brev fortel Astrup at han stadig opplevde at publikum føretrakk dei «gamle» verka hans, medan han sjølv ville fornye kunsten sin. Denne spenninga vart ei kreativ drivkraft, som fekk Astrup til å utvide og utvikle motivkretsane sine. Dei mest ikoniske verka, som Revebjeller og Marsmorgen, står att frå denne perioden.
På 1920-talet vart den nybygde heimen på Sandalstrand eit sentralt motiv i kunsten hans. Astruptunet viser ei historie om sjølvberging og gjenbruk, skapt gjennom Astrup-familien sin sterke omtanke for naturen. Dette er både attkjenneleg og relevant for vår tid.
Kunstnarheimen var også eit kreativt samlingspunkt. Gjennom 1920-talet hadde Astrup fleire elevar i Jølster, og i 1927 starta han målarskule i Førde. Utstillinga famnar også denne sida av Astrup sitt virke.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum har med denne utstillinga fått ein unik sjanse til å vise ei ny side av Astrup sin kunst, med sjenerøs støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen DNB. Vi rettar også ei stor takk til private utlånarar og Kode i Bergen.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».