Fotograf:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
/
Eikaasgalleriet
Intervju - Siri Aurdal og Ludvig Eikaas
Av Eikaasgalleriet
Dette er eit møte mellom to særs ulike, men sterke norske kunstnarskap. Når vi ser nærare etter, har dei likevel ein del til felles. Dei hadde òg ein familiær relasjon. Siri Aurdal...
Dette er eit møte mellom to særs ulike, men sterke norske kunstnarskap. Når vi ser nærare etter, har dei likevel ein del til felles. Dei hadde òg ein familiær relasjon. Siri Aurdal (1937) er dotter av tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000). I 1949, då Siri var 12 år, gifta mora seg med Ludvig Eikaas (1920-2010). Aurdal er dermed Eikaas si stedotter. Siri og Ludvig har òg portrettert kvarandre. Siri med ei byste i bronse i 1965 som du finn i samlinga til Stavanger Kunstmuseum. Ludvig med tresnitta Rock`n & roll frå ant. 1957 og Siri frå 1960, som du finn her i Eikaassamlinga.