3 bilete frå synfaring og opning av vegen over Vikafjellet mellom Vik og Voss 13. september 1957. Planen var at Kronprins Olav skulle opna vegen den 28. september 1957, men sidan Kong Haakon døyde 21. september blei opninga utsett eit år. (Informant: Magne Vikøren). Den offisielle opninga stod samferdsleminister Kolbjørn Varmann frå Eid i Sogn og Fjordane for. Her er Stortingets Samferdslekomitè truleg ved Storhuag. Bussane er av merke REO med kjenneteikn S-32 og Volvo med kjennteikn S-3023. Personbilene er Cadillac fra 50-tallet og Dodge, DeSoto eller Chrysler 1946-1948. (Informant: Ivar E. Stav) Sjå og motiva NVM 14-F-02611a, NVM 14-F-01719 og NVM 14-F-01723. Photo: Ukjent fotograf / Norsk vegmuseum
  • Accept license and download photo